Ein fantastisk dag i Stoltzen
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 29. Sep 2025
Laurdag 27.9. vart ein fantastisk opplevelse for omkring 60 Telenor-deltakarar som fullførte verdas brattaste motbakkeløp i den 46. utgava av Stoltzekleiven Opp. På nytt samla vi ein rekordstor gjeng til det legendariske løpet som kvart år samlar 1000-vis av deltakarar som startar med 10 sekund mellomrom gjennom heile fredag og laurdag den siste helga i september.
 Den følelsen du har på toppen av Stoltzen saman med gjengen din må  opplevast
Den følelsen du har på toppen av Stoltzen saman med gjengen din må  opplevast
Telesport som lokal "arrangør" er stolt over at vi har klart å etablere Stoltzen som eit nasjonalt Telenor-arrangement med støtte fra TIF (Teleidrettsforbundet). Med 28 tilreisande deltakarar vart det igjen ei fin samling av kollegaer på tvers av lokasjonar og avdelingar. Rekrutteringa av nye er også god, og heile 18 var med for første gang og fekk sitt første og sjokkerande møte med den bratte løypa. Vi håper mange har fått lyst til å prøve seg også neste år. Og sjølv om mange lokasjonar var representert med bl.a. Oslo, Trondheim Molde og Gjøvik, håper vi at vi neste år kan få med ein enda større del av landet på denne folkefesten i Stoltzen.
 God, men litt nervøs stemning før start...Når det gjeld resultata, så vart ein av debutantane den raskaste av oss. Sindre kom i mål på sterke 10:55, noko som er den raskaste Telenor-tida som pr no er registrert blant ca 200 som har deltatt for Telenor dei siste åra. Raskaste kvinne vart for tredje år på rad Susanne. Ikkje nok med det, ho har også forbedra tida for kvart år og kom i år inn på 11:55 nokon som holdt til å bli nr 7 i den sterkaste klassa 18-34 år. Det verkeleg imponerande! Hugo kapra 3 beste Telenor-tid, og sikra med det Bergen ein plass på Telenor-pallen. Til tross for fellestreningar i Stoltzen og mykje taktikkprat i lunsjen gjennom året, klarte ikkje Bergensgjengen å matche dei tilreisande. Det ser ut som vi fortsatt må jobbe med tiltak for å utnytte heimebanefordelen og gå heilt til topps i den interne konkurransen. Den aller beste plasseringa var det likevel ein veteran fra Bergen som oppnådde med Asbjørn sin andreplass i si klasse.
God, men litt nervøs stemning før start...Når det gjeld resultata, så vart ein av debutantane den raskaste av oss. Sindre kom i mål på sterke 10:55, noko som er den raskaste Telenor-tida som pr no er registrert blant ca 200 som har deltatt for Telenor dei siste åra. Raskaste kvinne vart for tredje år på rad Susanne. Ikkje nok med det, ho har også forbedra tida for kvart år og kom i år inn på 11:55 nokon som holdt til å bli nr 7 i den sterkaste klassa 18-34 år. Det verkeleg imponerande! Hugo kapra 3 beste Telenor-tid, og sikra med det Bergen ein plass på Telenor-pallen. Til tross for fellestreningar i Stoltzen og mykje taktikkprat i lunsjen gjennom året, klarte ikkje Bergensgjengen å matche dei tilreisande. Det ser ut som vi fortsatt må jobbe med tiltak for å utnytte heimebanefordelen og gå heilt til topps i den interne konkurransen. Den aller beste plasseringa var det likevel ein veteran fra Bergen som oppnådde med Asbjørn sin andreplass i si klasse.
Også leiinga i Telenor satte sitt preg på løpet. Det har blitt ein tradisjon at CTO'en i Telenor deltar i Stoltzen, og Roger tok denne gangen med seg heile Tech-leiinga til Bergen. Til tross for solid gjennomføring var aldri CTO-rekorden fra 2023 trua i år. Roger måtte derimot finne seg i sterke angrep fra resten av Tech-leiarane som ikkje var redd for å prøve å rykke fra sjefen i dei brattaste delane av løypa.
Dei fleste av oss har ingen ambisjonar om å hevde oss på resultatlistene, men litt samanlikning mot kollegaer, og ikkje minst mot eigne tidlegare resultat blir det gjerne. Og Stoltzen gir ærlege tilbakemeldingar kvart år på korleis forma har utvikla seg sidan året før. Og for dei fleste av oss ein god motivasjon til litt ekstra trening og fokus på kostholdet.
 God stemning med matservering, premiering og film fra løpet på After-Stoltz i klubbhuset til Varegg
God stemning med matservering, premiering og film fra løpet på After-Stoltz i klubbhuset til Varegg
Viktigare enn idrettsprestasjonar og resultat er likevel det sosiale og meistringa som alle kan oppleve i Stoltzen. Sjølv om nokre brukar meir enn dobbelt så lang tid som andre blir vi likevel samla i mål til lagbilde i løpet av kort tid. Og det korte løpet gjer at alle raskt hentar seg inn og er klare til tradisjonelt After-Stoltz i Sandviken der vi får servert rikeleg med mat og drikke. Og der har alle like store sjansar til å vinne premiane vi trekker ut blant deltakarane. Vi vil gjerne ha med oss enda fleire av dei som ikkje ønsker å ta konkurransen så høgtidleg, eller som føler at forma ikkje er heilt som for 10 eller 20 år sidan, men som likevel stiller opp og konkurrer mot seg sjølv. Og ikkje minst setter vi pris på alle som bidrar til den gode stemninga på After-Stoltz og After-After-Stoltz. For Stoltzen er ikkje ferdig når vi går i mål. Den gode stemninga fra toppen varer heile dagen. Etter offisielt After-Stoltz som Varegg arrangerer for oss, er det også tradisjon med After-After-Stoltz for Telenor i bydelspuben Dr Wiesner. På laurdag fortsatte også ein god gjeng til eit felles måltid og After-After-After-Stoltz i Bergen sentrum denne nydelege haustkvelden.
 Nydeleg på siste etappe på veg mot After-After-After-Stoltz i sentrum
Nydeleg på siste etappe på veg mot After-After-After-Stoltz i sentrum
Laurdag 26. september 2026 er vi klare igjen, så sett eit kryss i kalenderen!
På Stoltzen sine sider finn ein også alle dei offisielle bilda og resultat.
Våre deltakarar ligg her: http://www.stoltzen.no/bilder/2025/klubb/telenortelesportbergen.html
Resultata våre finn du her: http://stoltzen.no/resultater/2025/resklubb_336.html (merk at det pr 30.9. manglar nokre namn på denne lista. Det er meldt til arrangør og blir nok retta snart).
 Stolt gjeng i Stoltzen gleder seg til å møtes igjen i 2026
Stolt gjeng i Stoltzen gleder seg til å møtes igjen i 2026
Resultat Frisbeegolf - med totalscore før siste runder!
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 29. Sep 2025

Frisbeegolf ble gjennomført over tid i perioden 20.08.-20.09.2025. Selve konkurransen ble gjennomført på Smørås på dager som passet for det enkelte lag. Hvert lag fekk dermed også ansvaret for gjennomføring og rapportere resultatene.
Lagene skulle gjennom 5 baner. Alle i utgangspunktet "par 3" baner og resultane ble målt utifra snittkast pr. lag.
Ser vi på totalen brukte lagene fra 53 til 106 kast på 5 baner (ulikt antall deltagere pr. lag). Laget med færrest kast ble Telechubbies med kun 53 på 3 deltagere, men grunnet måling på snittkast pr. lag holdt dette dessverre kun til en sjette plass. Vinneren av konkurransen ble B-Laget som klarte seg med 64 kast med 4 deltagere (3,2 i snitt pr hull) På andre plass, med 3,35 i snitt kom Team Top Floor og nummer tre ble KonKameratene som hadde et snitt på 3,45 pr hull.
Vi gratulerer!
Resultat Frisbeegolf


Telenor Games Bergen Totalpoeng

Spennande haust i Telenor Games
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 15. Sep 2025
Telenor Games sesongen fortsetter i år utover hausten. Alt no kan du merke av fredag 24. oktober i kalenderen. Da blir det sesong-finale og premieutdeling. Sesongen avslutta i Bergen sentrum med Rebusløp og feiring av sesongen. Vi har strekt sesongen 2024/25 litt utover hausten slik at vi fra neste år igjen kan følge kalenderåret for Telenor Games.
Fjerde øvelse er godt i gang. Det er frisbee-golf på Smørås med flexi-tid på avviklinga der laga sjølv må finne eit ledig tidspunkt for gjennomføring. Hugs at fristen for gjennomføring er 20.9.
 Team Top Floor benytta litt oppholdsver 15.9. til ein runde frisbee-golf på Smørås.
Team Top Floor benytta litt oppholdsver 15.9. til ein runde frisbee-golf på Smørås.
Det er fortsatt mange poeng å kjempe om utover hausten. Etter tre øvelsar er det 4 ulike lag som har tatt førsteplass, og alle laga heng fortsatt bra med i samandraget. Heilt i toppen ligg B-laget og Team Top Floor, men ingenting er avgjort.
 Resultat etter 3 øvelser
Resultat etter 3 øvelser
Stoltzen 2025 - Praktisk informasjon for påmeldte
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 10. Sep 2025
Her er det meste av informasjon som er nødvendig for dei som er påmeldt Stoltzen 2025 med Telesport, inkludert litt detaljar og tips for dei som er med for første gang (nokre detaljar blir også sendt på epost til dei påmeldte).
Starttidspunkt: Vi starter mellom kl 11:39 og 11:52. Nøyaktig tidspunkt vil stå på startnummeret. Du finn også startnummer og tidspunkt her: http://stoltzen.no/pmeld/startliste.html . Du bør levere sekken din ca 20 min før start og vere klar ved starten minst 5 min før starttida di.
Startnummer og T-skjorter: Torsdag 25.9 og fredag 26.9 kan du hente startnr og Telenor-T-skjorte på Kokstad. 4 etg, Fløy 1. Du vil få utdelt den T-skjorte-størrelsen du har bestilt. Vi har nokre reservetrøyer som du kan bytte til om størrelsen blir heilt feil. Om det ikkje går opp, så prøver vi å finne nokon som kan bytte. Det blir fantastisk med 75 like Telenor-trøyer på rekke og rad opp Stoltzen 27. september. For dei som ikkje kan hente på Kokstad, vil Alis stå for utdeling av resten i Varegg Arena på laurdag fra ca kl 10:00. Om du har problem med å finne fram så ring Alis, Svein-Magne eller Helge. Gi også gjerne beskjed om du veit at du kjem i siste liten.
Klubbhuset til IL Varegg, også kjent som Badstuen, har adresse Persenbakken 20 om ein leiter rundt på eit kart. (Google maps link Badstuen). After-Stoltz vil foregå her. Vi har også tilgang til garderober her. Fram til 2023 var dette sekretariat og info-område for Stoltzen. Fra 2024 er denne funksjonen flytta til Varegg Arena.
Varegg Arena er eit anlegg som er bygd under Mulebanen og inneheld idrettshall, garderober, parkering og mykje meir for Varegg IL. Utdeling av startnummer, premiering, informasjon m.m. knytta til Stoltzen skjer her (dvs alt som før 2024 skjedde i det gamle klubbhuset Badstuen (Google maps link Varegg Arena). Her bruker det også å vere gode tilbud på sko og sportsutstyr, så ta gjerne ein tur innom uansett.
Oppmøte og transport: Du vil altså treffe kollegaer i Varegg Arena frå ca kl 10. Det er ca 25 min å gå fra sentrum til Varegg Arena. Buss nr 10 går fra sentrum til Mulen (ca 10 minutt). Endestoppet er like ved Badstuen og Varegg Arena. Elles finst det bysyklar og elsparkesyklar frå Ryde og Voi i byen. Om ein har bil bruker parkering ved Sandviken sykehus (markert i kartet som Helse Bergen, avdeling for rus) å vere muleg, men det er ikkje offisielt anbefalt av arrangør. Ellers er det noko parkering i området omkring klubbhuset og i Varegg Arena. Sjå offisiell info fra arrangør her: Parkering - Stoltzen.no.

Starten er i Fjellveien som vist på kartlinken ( Stoltzen infokart - Google Maps). Det er ca 900 meter fra Varegg Arena (og Badstuen) til start, og det blir mange som går eller joggar den vegen. Når vi skal ned igjen går vi normalt meir eller mindre samla den grøne løypa på kartet. Den raude løypa er ein del lenger, men nokre foretrekker å jogge den da det er grus/asfalt heile vegen, mens den grøne løypa har eit parti med sti og trapper. Den grøne løypa går ned Skredderdalen, og stien der har blitt forbedra sidan 2023 med ein del sherpatrapper, rekkverk og grus.
 Stoltzen infokart (klikk på kartlinken over for å kunne zoome inn på detaljar)
Stoltzen infokart (klikk på kartlinken over for å kunne zoome inn på detaljar)
Garderober og toalett: Det er toalett og garderober med dusj i Varegg Arena. Sidan vi har After-Stoltz i Badstuen har vi også tilgang der. På eige ansvar kan ein også legge igjen ein bag i garderoben, så slepp ein å dra med seg dusjesaker til toppen. I tillegg til i Varegg Arena og Badstuen, er det også toalett ca 200 meter fra start, der ein leverer inn sekkar som skal køyrast til toppen. Det kan altså vere lurt å ha to sekkar. Ein med skiftetøy til toppen og ein med dusjesaker. Den eksklusive Stoltze-T-skjorta får vi ved målgang på toppen.
Målgang: Når du kjem i mål får du drikke og Stoltze-T-skjorta like ved målstreken. Det er også her vi tar gruppefoto, så behold Telenor-trøya på til vi er ferdig med det. For dei første som kjem i mål kan det bli ei lita stund å vente, men det tar normalt ikkje så mange minutt før alle er samla. Dei vi trur går raskast startar normalt sist i pulja vår. For dei som er tilreisande og nye i Stoltzen bør ein også få med seg utkikspunktet ved Sandvikspilen ca 50 meter fra målgang. Der ser vi heile byen og byfjella. Utdeling av skiftetøy skjer eit par hundre meter fra målgang i den retninga vi går når vi skal ned igjen (det er ikkje muleg å gå ned igjen konkurranseløypa). Normalt går vi ikkje dit før etter gruppebildet, men om det er dårleg ver og ein er veldig rask kan ein rekke å hente sekken sin. Men det er svært sjeldan nokon har hatt behov for det. Om du lurer på noko i målområdet så kryr det av kollegaer der med samme T-skjorte som deg sjølv.
 Utsikt over Bergen fra toppen av Stoltzen
Utsikt over Bergen fra toppen av Stoltzen
AfterStoltz: Årets AfterStoltz blir i overetasjen i Badstuen, der vi har garderober i kjellaren. Vi får heile rommet for oss sjølv og kan feire innsatsen vår utan å bli forstyrra. Vi disponerer lokalet frå ca kl 13. Det er ikkje sikkert alle er klare til da, men vi samlast etter kvart, og har bra med tid fram til kl 1530 da Varegg ønsker å gjere rommet klart for neste gruppe. Maten blir sannsynlegvis servert ca 13:30. Merk at det ikkje er anbefalt å prøve å rekke innom hotellet for dei som bur i sentrum mellom løpet og After-Stoltz. Det blir stressopplegg. På AfterStoltz blir det mat og drikke, film fra løpet og premieutdeling. Vi har ca 10 «Stoltze-effektar» som premie som blir trekt på startnummer. Hugs at du må vere der for å få premien din.
After-AfterStoltz: Etter at vi må forlate AfterStoltz omkring kl 1530 er det tradisjon med ein tur til Dr Wiesner (www.drwiesener.no). Det er ein kort gåtur i retning sentrum fra Badstuen. Dette er ikkje ein del av det offisielle programmet, men vi har reservert plass der fram til kl 18 og det er opent for alle som vil fortsette feiringa i godt selskap! Det er heller ikkje umuleg at nokre etterkvart går vidare mot byen og After-After-AfterStoltz (sjå bl.a. epost fra Tone om bordbestilling)
Antrekk: I år har vi som kjent like T-skjorter til alle. Ellers gjeld det å kle seg etter ver og temperatur, men det blir vel sjeldan kaldt på veg oppover. Eg brukar å velge mine lettaste sko, men det er nok mest psykisk hjelp i det. Joggesko eller terrengsko, helst med godt grep, er anbefalt (underlaget er stort sett stein og for det meste trappetrinn som er flate på toppen). Antrekk på After-Stoltz bestemmer du sjølv. Nokre går fortsatt i trenings/turtøy, mens andre er kledd for ein kveld på byen. Eg satser på ei vanleg bukse og den nye Stoltze-T-skjorta som beviser at eg har nådd toppen, det er tross alt Stoltze-dagen.
5/10/15-års premie: For kvart 5. år ein deltar kan hente ein premie i Varegg Arena.
Dette er Thorbjørn Ludvigsen (som har vunne 10 ganger sidan 2010) sine beste Stoltzen-tips:
- Ta siste hardøkt mandag eller tirsdag dersom løpet er på lørdag.
- Jogg rolig to ganger 30 minutter de påfølgende dagene.
- Dagen før løpet gjør du det samme, i tillegg til seks drag à 30 sekunder på flat mark.
- Spis som du ville gjort ellers, men ikke for mye verken på løpsdagen eller dagen før.
- Varier lengden på stegene. Oppretthold en høy frekvens.
- Tilpass stegene etter lengden på trinnene og hvor bratt det er.
- Kle deg etter vær og vind og bruk sko med godt grep.
Og her er nokre tips for mosjonistar: Mosjonisttips fra stoltzen.no
Mitt råd er: Ta det roleg dei siste dagane før løpet, prøv å varm opp litt, ikkje start for hardt, når du har starta så hold ut – du er snart i mål. Ikkje gru deg, dette blir gøy og går bra for alle! Sjå litt sliten ut – det blir dei beste bilda. Gled deg til den gode følelsen når du har gjennomført. Og hugs på at eit alternativ til å gå heilt i kjellaren er å la Stoltzen ta den tida det tar, og ha det minst like gøy undervegs og etterpå som dei som har gispa etter luft i dei bratte bakkane.
