Telenor Games, Resultat Ti-På-Topp

Postet av Telesport Bergen den 11. Jan 2021

Resultata for Ti-På-Topp-konkurransen i Telenor Games er no klar. Dette var ein spesiell konkurranse i ei spesiell tid, men den har skapt veldig mykje aktivitet og stort engasjement hos mange. Totalt har medlemmar i Telesport registrert 664 fjellturar i ti-på-topp-systemet. Mange har gitt uttrykk for at dette har vore ein fin motivasjon for å kome seg ut på tur - og ikkje minst for å prøve seg på nye turmål. Mange har gått fantastiske og lett tilgjengelege turar i Bergen kommune for første gang.

 

Sjølv om deltakinga varierer litt mellom laga har alle 10 laga registrert deltakarar som har samla poeng. Heile 13 personar hadde besøkt alle 17 toppane, og det var 6 av laga som hadde minst ein person som hadde vore på alle toppane. Ser vi på laginnsatsen så er det imponerande at Telesnuppene har heile 3 deltakarar som besøkte alle 17 toppane. Ein annan laginnsats det står respekt av er Team Top-Floor som hadde 5 deltakarar med minst 10 turmål. Det gav full uttelling på bonuspoeng, men også rekordmange poeng som ikkje teller med i lagkonkurransen sidan det er maks 4 tellande deltakarar pr lag...  I tillegg til desse laga er det B-laget og Randi og Røverne som har kniva i toppen. Alle desse 4 laga har samla meir enn 1000 poeng i løpet av sesongen, og det er svært jamnt i toppen.

 

Ser vi på enkeltpersonar, så er det Bjørg Fagnastøl fra Randi og Røverne som scorer flest individuelle poeng. Ho hadde registrert heile 76 turar og opnådde med det 388 poeng. Ho var tett følgt av Arild Lægreid fra B-laget med 374 poeng og Beate Rikstad fra Telesnuppene med 334 poeng.

 

I løpet av sesongen vart det også publisert ganske mange bilete på Facebook (https://www.facebook.com/groups/1904774726413744/ ) og Workplace (https://telenor.workplace.com/groups/777674809029854/ ). Fleire lag oppnådde maksimal bildepoengsum.

 

Oppsummerer vi turmålpoeng, turpoeng og bildepoeng får vi denne oversikten:


Det er altså Team Top-Floor heilt på topp med 1396 poeng, følgt av Telesnuppene med 1348. Så er det utruleg jamt mellom Randi og Røverne og B-laget. Dei har hhv 1158 og 1152 poeng. Mobile Boys kjem denne gangen litt bak med 790 poeng, men ikkje verst det heller. Merk at dette er grunnlaget for rangeringspoenga før deltakarpoenga blir telt opp. Tar vi med deltakarpoenga blir rangeringa slik:

 

 

Topp tre blir altså Team Top-Floor, Telesnuppene og B-laget. På delt 4-plass følger Randi og Røverne og Mobile Boys. Lenger nede på lista er det faktisk delt både 7-plass og 9-plass, så har vart det svært tett både høgt og lavt på tabellen.

 

Telenor Games sesongen har ikkje blitt heilt som planlagt. Vi har måtte utsette og avlyse planlagte øvelsar pga korona-situasjonen. Styret ønsker å fortsette konkurransen til det er muleg å avvikle ein "finaleøvelse" og premieutdeling. Når det blir er vanskeleg å spå, men det som i alle fall er sikkert er at det fortsatt er stor spenning i samandraget og gode mulegheiter for å avansere på resultatlista. Under ser vi totalstillinga etter dei tre første øvelsane i sesongen som starta i desember 2019. Som vi ser er det kun 6 poeng som skiller dei 6 første laga, og også vidare på lista er det nokså tett.

 

 

Fleire poengdetaljar:


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline