Telenor Games i Korona-tider - Ny konkurranse

Postet av Telesport Bergen den 11. Aug 2020

No drar vi i gang ein ny konkurranse i Telenor Games. Denne gangen distribuert og utan risiko for Telenor-intern smittespreiing. Konkurransen tar utgangspunkt i Ti-på-topp som mange i Telesport alt er i gang med. For å kome i gang må altså deltakarane registrere seg på ti-på-topp iht oppskrifta her (link), så er ein i gang med å samle poeng for laget sitt.

Konkurransen varer fram til 31. oktober (når Ti-på-topp bli avslutta). Poeng blir basert på registrerte turar på http://bergen.tipåtopp.no/deltakere. Heile 2020-sesongen vil telle. Vi oppfordrar sjølvsagt alle på laget, inkludert reservar til å delta, men innan 31. oktober må laget bestemme kven som skal telle i konkurransen. Som vanleg er det inntil 4 tellande deltakarar. Lagleiar må rapportere inn dei deltakarane og bildet som skal telle i konkurransen.

For kvart lag blir det rekna ut ein poengsum for å rangere laga fra 1 til 10. Så tar ein som vanleg med seg desse rangeringspoenga i Telenor Games sammendraget. Førsteplass gir 12 poeng, andreplass 10 poeng, deretter 8,7,6,5,4,3,2,1. Rangeringspoenga blir bestemt av summen av Turmålpoeng, Turpoeng og Bildepoeng. Sjå detaljar under. I tillegg kjem deltakarpoeng (2 pr deltakar, maks 8 pr lag. For å få deltakarpoeng må ein ha registrert minst eit turmål).

Turmålpoeng (maks 270 poeng pr deltakar):
Kvar deltakar samlar 10 poeng pr unikt turmål. Antall turmål er 17 og for å få maks score i konkurransen må ein besøke alle 17 (men dei fleste vil neppe klare det). Dersom ein klarer 5 unike turmål får ein 50 bonuspoeng. Dersom ein klarer 10 unike turmål får ein nye 50 bonuspoeng (etter 10 turmål vil ein altså ha oppnådd 200 turmålpoeng). Vi håper dette inspirerer til å bli kjent med nye turmål, og det skal lønne seg å dra med heile laget på 5 eller 10 turmål framfor å prioritere soloturar til dei siste toppane.

Turpoeng (maks 300 poeng pr deltakar):
Fleire turar til samme turmål gir også poeng, men vi ønsker å unngå at det blir samla urimeleg mange poeng på dei enklaste turmåla utan at ein også sjekker ut nye turmål. Derfor gir slike turar færre poeng.
Kvar tur utover første besøk til eit turmål gir 2 poeng. Maks antall poeng i denne kategorien er 300 (Etter 150 turar pluss dei 17 turmåla er det altså ikkje fleire poeng å hente, men det skulle vel vere litt å strekke seg etter sjølv for dei ivrigaste).

Merk at all poengregistrering er tillitsbasert, og det vil i liten grad bli kontrollert om all registrering er korrekt. Dette er basert på ære, samvittigheit og Telenor-verdiar. Pass på at det blir riktig og rettferdig!

Bildepoeng (maks 350 poeng pr lag):

Alle laga som laster opp eit bilde fra eit av turmåla på Telesport si Facebookside (https://www.facebook.com/groups/1904774726413744/) eller på Telesport Bergen si Workplace-gruppe (https://telenor.workplace.com/groups/777674809029854/) får bildepoeng. Ein kan laste opp fleire bilder, men kun eitt bilde vil gi poeng i konkurransen (det som gir størst poengsum). Ein får 100 poeng for bilde av turmål. I tillegg får ein 50 poeng pr lagmedlem som er med på bildet (maks 4x50 poeng). I tillegg får ein 50 poeng om det er dokumentert klart at gjeldande smittevernreglar er overholdt på bildet. Totalt kan eit bilde altså oppnå 350 poeng om alle kriterier er oppfylt.

Lykke til og god tur!


0 Kommentar

Kommentarer

— Guest
Captcha
Levert av IdrettenOnline