Resultat Telenor Games shuffelboard 2. og 3. desember 2019

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 4. Des 2019

Shuffleboard-konkurransen vart gjennomført 2. og 3. desember 2019 på Scandic Kokstad. Med det er Telenor Games sesongen 2019/20 i gang, og heile 10 lag er med denne sesongen.


Alle 10 laga stilte opp, og svært mange var fulltallige. Det har vel sjeldan blitt delt ut så mange deltakarpoeng! Også innsatsen og stemninga var på topp. 

Det var få som innrømte å ha trent mykje i forkant. Likevel vart det oppnådd høge poengsummar, og også 5-poengarar (som ein får når steinen heng utfor kanten). Og nokre lag ser ut til å vere meir forberedt enn andre. B-laget er eit av dei nye laga denne sesongen og psyka ut dei fleste motstandarane ved å stille i like lagdrakter og vere godt i gang med prøvespelet når dei andre spelarane dukka opp. Eit raskt søk på internett tyder også på at dei har store ressursar i ryggen (søk f.eks. på "b-laget" og "manager"). Dette blir spennande å følge utover sesongen.



Det ser likevel ut til å bli hard konkurranse denne sesongen. Det var svært jamne resultat etter seriespelet. Faktisk måtte dei fleste laga skillast på målforskjellen. Vinnarane vart til slutt TelenorKAMeratene etter ei nervepirrande avslutning i den siste omgangen i den siste kampen.



Under ser vi altså resultata. Vi har heile 5 lag i "topp-3" sidan 3 lag deler 3.-plassen, og det er kun 10 poeng som skiller topp og bunn. Med heile 60 mulege poeng på dei gjenståande rundene kan alt skje. 

I neste runde blir truleg kanonball. Følg med på oppdatert info på nettsidene.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.