Stoltzen 2022 - Praktisk informasjon for påmeldte

Postet av Helge Ytre-Hauge den 12. Mar 2023

Her er det meste av informasjon som er nødvendig for dei som er påmeldt Stoltzen 2022 med Telesport, inkludert litt detaljar og tips for dei som er med for første gang.

Starttidspunkt: Vi starter mellom kl 11:02:40 og 11:10:50. Nøyaktig tidspunkt vil stå på startnummeret.

Startnummer: Fram til fredag ettermiddag kan du hente startnr på Kokstad. 4 etg, Fløy 1. Dette gjeld frå onsdag 28.9. For dei som ikkje har fått nummeret før vil det blir delt ut i Klubbhuset til Varegg på laurdag fra ca 10:00.

Klubbhuset til IL Varegg, også kjent som Badstuen, har adresse Persenbakken 24 om ein leiter rundt på eit kart.

Det er ca 25 min å gå fra sentrum til Badstuen. Buss nr 10 går fra sentrum til Mulen (ca 10 minutt). Endestoppet er like ved Badstuen. Om ein har bil bruker parkering ved Sandviken sykehus (markert i kartet som Helse Bergen, avdelding for rus) å vere muleg, men det er ikkje offisielt anbefalt av arrangør. Ellers er det noko parkering i området omkring klubbhuset. Sjå offisiell info fra arrangør her: Parkering - Stoltzen.no

Starten er i Fjellveien. Ca 10 min å gå til start fra Badstuen. Ca 10 min å gå til start fra Sandviken Sykehus. Sjå kart her: Stoltzen infokart - Google Maps

(vi går vanlegvis den grøne løypa ned igjen)

Stoltzen infokart (klikk på kartlinken over for å kunne zoome inn på detaljar)

 

Garderober og toalett: Det er toalett og garderober med dusj i Badstuen. På eige ansvar kan ein også legge igjen ein bag her. I tillegg til ved Badstuen, er det også toalett ca 200 meter fra start, der ein leverer inn sekkar som skal køyrast til toppen. Så det kan altså vere lurt å ha to sekkar. Ein med skiftetøy til toppen og ein med dusjesaker. Stoltze-T-skjorta får vi ved målgang på toppen.


Målgang: Når du kjem i mål får du drikke og Stoltze-T-skjorta like ved målstreken. Det er også her vi tar gruppefoto (som det på slutten av sida her). For dei første som kjem i mål kan det bli ei lita stund å vente, men det tar normalt ikkje så mange minutt før alle er samla. Dei vi trur går raskast startar normalt sist i pulja vår. For dei som er tilreisande og nye i Stoltzen bør ein også få med seg utkikspunktet ved Sandvikspilen ca 50 meter fra målgang. Utdeling av skiftetøy skjer eit par hundre meter fra målgang i den retninga vi går når vi skal ned igjen (det er ikkje muleg å gå ned igjen konkurranseløypa). Normalt går vi ikkje dit før etter gruppebildet, men om det er dårleg ver og ein er veldig rask kan ein rekke å hente sekken sin. Men det er svært sjeldan nokon har hatt behov for det.

AfterStoltz: Årets AfterStoltz blir i Meyermarken Bydelshus kl 13. Adresse: Ladegårdsgaten 65B. Det er 6 min gange fra Badstuen. Her blir det altså mat og drikke, film fra løpet og premieutdeling. Vi har ca 10 Stoltze-effektar som premie som blir trekt på startnummer. Hugs at du må vere der for å få premien din. Har du ein allergi? Gi meg beskjed så snart som muleg, så har Varegg lovt å ta hensyn til det.

After-AfterStoltz: Etter at vi må forlate AfterStoltz omkring kl 15 er det tradisjon med ein tur til Dr Wiesner (https://www.drwiesener.no/). Igjen ein kort gåtur fra bydelshuset. Dette er ikkje ein del av det offisielle programmet, men opent for alle som vil fortsette feiringa i godt selskap! Det er heller ikkje umuleg at nokre etterkvart går vidare mot byen og After-After-AfterStoltz.

Antrekk: Vi har ikkje budsjett til å dele ut like Telenor-skjorter til alle, så utanom startnummeret stiller du i ditt eige antrekk, men eg reknar med at dei fleste har noko Telenor-tøy gjennom idrettslaget eller på anna vis. Legg i alle fall Brann-trøya med Telia på ryggen igjen heime. Ellers gjeld det å kle seg etter ver og temperatur, men det blir vel sjeldan kaldt på veg oppover. Eg brukar å velge mine lettaste sko, men det er nok mest psykisk hjelp i det. Joggesko eller terrengsko, helst med godt grep, er anbefalt (underlaget er stort sett stein og for det meste trappetrinn som er flate på toppen).

5- og 10-års premie: Dei som deltar for 5. eller 10. gang kan hente ein premie i klubbhuset til Varegg. 

Dette er Thorbjørn Ludvigsens beste Stoltzen-tips:

Ta siste hardøkt mandag eller tirsdag dersom løpet er på lørdag.

Jogg rolig to ganger 30 minutter de påfølgende dagene.

Dagen før løpet gjør du det samme, i tillegg til seks drag à 30 sekunder på flat mark.

Spis som du ville gjort ellers, men ikke for mye verken på løpsdagen eller dagen før.

Varier lengden på stegene. Oppretthold en høy frekvens.

Tilpass stegene etter lengden på trinnene og hvor bratt det ¬ er.

Kle deg etter vær og vind og bruk sko med godt grep.

 

Mitt råd er: Ta det roleg fram mot løpet, prøv å varm opp litt, ikkje start for hardt, når du har starta så hold ut – du er snart i mål. Ikkje gru deg, dette blir gøy og går bra for alle! Sjå litt sliten ut – det blir dei beste bilda. Gled deg til den gode følelsen når du har gjennomført. Den kjem forbausande fort etter målgang


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.