Du kan glede deg resten av 2021!

Postet av Helge Ytre-Hauge den 22. Aug 2021

Dei fleste har lagt ferietida bak seg, og aktiviteten tar seg opp, ikkje minst håper vi at pandemirestriksjonane er på veg bort. Som medlem i Telesport kan du sjå fram til ein spennande og aktiv haust!

Laurdag 25. september er det Stoltzekleiven opp - det arrangementet som har samla flest deltakarar fra Telesport dei siste åra. Påmeldinga har blitt utsatt pga stor usikkerheit omkring kva som blir gjeldande reglar, men det er så sikkert som det kan bli at Stoltzen blir arrangert og at Telesport deltar. Så sett av datoen og meld deg på så snart vi opnar opp for det. Dersom du ikkje har deltatt før kan du gjerne registrere deg for å få "stoltze-id" som ein må ha for påmelding (sjå link). Utover det vil Bjørg organisere fellespåmelding som så mange ganger før.

Ti på Topp har fått mange ut på tur. I tillegg til Ti på topp i Bergen har vi no også kjøpt nokre plassar i Ti på topp Bjørnafjorden og Ti på topp Askøy & Øygarden. Sist eg sjekka var det 7 stk som hadde vore på alle 18 toppane i Ti på topp Bergen. Arild og Anne Elisabeth er nr 9 og 10 på lista over dei ca 1000 deltakarane i ti på topp Bergen! Kampen om topp-tre i Telesport er med andre ord hard. Hugo har også utmerka seg med å ha besøkt alle turmåla både i Bergen og Bjørnafjorden. Eg ser ikkje bort fra at han spring over alle måla i Askøy og Øygarden heller i løpet av kort tid. Men mest imponerande er likevel laginnsatsen. 44 stk har registrert seg i ti på topp Bergen og vi har passert 650 turar totalt. Målet eg antyda i april om 1000 turar burde vere innan rekkevidde med ein liten innnspurt utover hausten. Er det nokon som ikkje har registrert seg enda er det ikkje for seint. Alle medlemmar får delta gratis. Som lag ligg vi på 6. plass, men avstanden opp til DNB og Multiconsult på plassane foran er ikkje avskrekkande. Tar alle ein tur eller to ekstra er vi plutseleg forbi. I Bjørnafjorden er vi ikkje så mange, naturleg nok, men der er vi likevel på topp blant bedriftene som har registrert seg. Litt mindre konkurranse der, men likevel kjekt å ha eit lag heilt på toppen!

I Telenor Games har vi også starta ny sesong. 10 lag med til saman nesten 60 deltakarar er i gang (og det er plass til nokre få ekstra på laga som ikkje er fylt heilt opp om nokon angrar på at dei ikkje har meldt seg på). Dei to første øvelsane er i gang, men pågår fortsatt. Det er ti-på-topp lagkonkurransen og frisbee-golf som foregår i Fyllingsdalen. Det er øvelsar som er valgt ut fordi det fungerer godt med smitterestriksjonar. Utover hausten håper vi det blir muleg også med andre øvelsar utan dei same restriksjonane. På grunna av pandemien har vi ikkje avslutta den forrige sesongen med premieutdeling, men det tar vi igjen på jubileumsfesten 6. november. Dei tellande øvelsane fra den litt amputerte sesongen 2019/20 vart dermed shuffleboard, kanonball og Ti-på-topp.

Eg har nemnt jubileumsfesten før. Telesport Bergen fyller 85 år i år og det skal feirast. Arrangementskomiteèn består av Randi Ivarsøy, Rebekka Bjerk, Sverre Berg, Knut Gjessing og Asbjørn Handegard. Dei er godt i gang med planlegginga og meir informasjon er nok like om hjørnet. Alt no kan eg røpe at datoen for feiring av 85-års-jubileèt blir 6. november, så merk av denne laurdagen i kalenderen.

I "administrasjonen" er det nokre mindre endringar på gang som kan vere greit å vite om. Det kjem nok meir info om nokre av endringane, men nemner det kort her. Paraply-organisasjonen for bedriftsidrettslaga i Telenor, Teleidrettsforbundet (TIF), har nyleg hatt årsmøte og Randi Stang Volden er valgt inn som ny styremedlem og tar med det over som vår representant etter Sverre Berg. Det er utruleg viktig at vi har folk som er villig til å ta på seg slike verv og sørger for at vi er informert og involvert i prosessane som berører oss. Torbjørn Bekkelien, som også har tilknytning til Bergen, fortsetter som leiar. På same årsmøtet tok også Vidar Laupsa på seg eit verv i TIF sin lovkomitè. Med det er vi godt representert og tar absolutt vår andel av ansvaret i TIF. Meir lokalt er Øyvind Spilde i ferd med å ta over som gruppeleiar i friidrett etter at Trond Sigurd Ellefsen no trappar litt ned på den administrative aktiviteten. For Øyvind blir det vel litt som å hoppe etter Wirkola etter at Trond har hatt denne rolla så lenge nokon kan hugse, men eg er ikkje tvil om at det er rett person for oppgava!

Hald deg oppdatert og del gjerne på Workplace og Facebook. Og følg med på informasjonen som blir lagt ut på websidene.

Ønskjer alle ein aktiv haust og håper alle finn aktivitetar i Telesport som passer! Hugs også at det er lov å ta initiativ til nye aktivitetar!



Kommentarer

— Guest