Telenor Games - Shuffleboard 2. og 3. desember

Postet av Helge Ytre-Hauge den 28. Nov 2019

Mandag og tirsdag 2. og 3. desember er det shuffleboard-konkurranse på Scandic Kokstad (rett over vegen for Telenorbygget) fra kl 1630.

Lag 1, 2, 3, 4, 5 stiller til Shuffleboard mandag 2. desember kl. 16:30 ved Hotel Scandic Kokstad!

Lag 6, 7, 8, 9, 10 stiller til Shuffleboard tirsdag 3. desember kl. 16:30 ved Hotel Scandic Kokstad!


Her følger litt info og reglar for konkurransen:

(NB! reglane er justert litt etter erfaring fra første konkurransedag. I hovudsak er det korta inn på kampane for å få tid til 10 kampar innanfor 2 timar, og det fører til at kampar kan ende uavgjort og dermed får målforskjell også betydning i sammendrag)

Shuffleboard liknar litt på curling. Vi vil spele ein lagkonkurranse med 4 «steinar» (eller puckar) til kvart lag. Som vist på bildet. Steinane skal sendast over bordet og dei skal stoppe så nær enden som muleg. Det er som i curling lov å legge ut guard-steinar og skyte vekk motstandarden sine steinar.


  • Eit lag har inntil 4 personar
  • Kvart lag har 4 steinar markert med laget sin farge.
  • Kvar spelar skyter like mange steinar i kvar runde.
  • Begge føttene må vere bak 1-poenglinja nærmast spelaren.
  • Dei to laga skyter annankvar stein. Det er ikkje lov å skyte to steinar samtidig.
  • Alle steinar (heile steinen) må over sperrelinja som er markert i starten av 1-poengsfeltet, ellers blir dei fjerna fra spelet.
  • Før først omgang blir det bestemt kven som begynner ved at kvart lag sender ein stein mot enden. Den som kjem nærmaste enden velger kven som starter. I denne runden er det ikkje lov å skyte vekk det andre laget sin stein.
  • Ein bytter på kven som begynner spelet for kvar halve runde (dvs når alle steinane er spelt ein gang over bordet).
  • Den eller dei steinane i samme farge som er nærmast enden gir poeng.
  • Heile steinen skal være i poengfeltet (Ikkje nok at den bryter linja. F.eks. vil ein stein som toucher linja mellom 3 og 4 gi 3 poeng). Ein stein som er delvis utanfor kanten gir 5 poeng.
  • Når begge lag har spelt alle sine 4 steinar over bordet, blir poenga talt opp. Den steinen som er nærmast enden får poeng. Andre steinar i samme farge som er nærmare enden enn steinar av motsatt farge gir også poeng.
  • Laga speler fram og tilbake over bordet 2 runder (dvs 4 halve runder). Det laget som da har flest poeng vinner omgangen. Dersom laga har like mange poeng blir det spelt ein ny heil runde (fram og tilbake). Den som får flest poeng i denne runden vinner omgangen.
  •  Ein kamp er 2 omgangar, dvs resultatet kan bli 2-0 eller 1-1. I tillegg vil laga ta med seg ein målforskjell basert på poenga i alle ordinære runder (2 første runder i kvar omgang).

 Før kvar kamp er det tillatt med ein oppvarmingsrunde om laga ønsker det - ein gang fram og tilbake.

Kvar dag er det 5 lag som deltar. Vi speler seriespill slik at alle lag møter alle (4 kamper pr lag). Vinnaren av ein kamp får 2 poeng. Taparen får 0 poeng. Uavgjort gir 1 poeng til kvart lag. Ved lik poengsum i sammendraget vil målforskjell telle (dvs antall pluss/minus-poeng fra.

Dersom eit lag ikkje stiller opp vinner det andre laget på walk-over (2 poeng) med målforskjell 0.

Dersom tidbruken tilseier det kan arrangementsanvarleg bestemme at det blir gjennomført dobbelt seriespel (2x4 kamper).

Dei laga som spelar på ulike dagar vil ikkje møte kvarandre. Alle laga vil likevel bli rangert etter poeng og målforskjell. Ved likt antall poeng og lik målforskjell blir det delt plassering. Dersom det oppstår ein situasjon med ulikt antall kampar, vil poenga bli normalisert med antall kampar.


Vi har booka bord fra kl 1630 til 1830. Det vil vere kaffe/te tilgjengeleg for oss. Utover det kan ein kjøpe det ein måtte ønske i baren eller i kiosken. Baren har også nokre enkle matrettar om ein er svolten etter jobb (sjå barmeny under).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.