Sesongens siste Telenor Games - Cityhunt med Escape Room Bryggen

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 14. Aug 2019

Fredag 14. juni vart den siste øvelsen i Telenor Games for sesongen 2018/19 avvikla. Vi brukte denne gangen eit ferdig opplegg fra Escape Room Bryggen, og laga fekk prøve seg på oppgaver som måtte løysast rundt omkring i Bergen sentrum. Litt som rebusløpa vi har hatt tidlegare år. 

Vi var heldig med veret og eg trur alle hadde nokre kjekke timar i byen.  Svara vart avgitt på ei nettside, og ved feil svar fekk ein straffepoeng og måtte forsøke på nytt. Ein fekk også straffepoeng for å be om hint undervegs. Resultata vart dermed bestemt av både tidbruk og straffepoeng.

Heile 8 av 9 lag stilte opp denne gangen, men nokre av laga hadde litt tynt oppmøte. Derfor var det nokre samanslåtte lag som deltok i konkurransen. For å skjønne resultatlista må ein altså vite at Randi og Røverne + Samlaget konkurrerte som eit lag og Volumgjengen + Aksess-alliansen stilte også saman. Flott samarbeid og lagånd på tvers  :-)

Mobile Boys sprang gjennom gatene og viste seg nok ein gang vanskelege å slå. Dei hadde både raskast tid og minst straffepoeng.  Eit par av laga rakk ikkje å levere svar innanfor tidsrammene og står dermed utan tid og blir rangert sist, men får sjølvsagt både deltakarpoeng og resultatpoeng.

Tidbruk og straffetid pr lag
Oversatt til resultatpoeng og med deltakarpoeng vart resultata i denne konkurransen slik:

Sluttresultat for Telenor Games Escape room Bryggen


Dette var altså siste konkurranse i denne sesongen. Vi kjem tilbake til sammanlagtvinnarar og premiering.


Merk også at det blir planlagt ein slags Telenor Games finale i Bergen laurdag 19. oktober med deltakande lag fra andre lag i TIF. Da trengs det både deltakarar til Bergens-laga som skal representere oss og hjelp til sjølve arrangementet. Noter datoen, så kjem det meir info.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.