Sesongens siste Telenor Games - Cityhunt med Escape Room Bryggen
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 14. Aug 2019
Fredag 14. juni vart den siste øvelsen i Telenor Games for sesongen 2018/19 avvikla. Vi brukte denne gangen eit ferdig opplegg fra Escape Room Bryggen, og laga fekk prøve seg på oppgaver som måtte løysast rundt omkring i Bergen sentrum. Litt som rebusløpa vi har hatt tidlegare år.
Vi var heldig med veret og eg trur alle hadde nokre kjekke timar i byen. Svara vart avgitt på ei nettside, og ved feil svar fekk ein straffepoeng og måtte forsøke på nytt. Ein fekk også straffepoeng for å be om hint undervegs. Resultata vart dermed bestemt av både tidbruk og straffepoeng.
Heile 8 av 9 lag stilte opp denne gangen, men nokre av laga hadde litt tynt oppmøte. Derfor var det nokre samanslåtte lag som deltok i konkurransen. For å skjønne resultatlista må ein altså vite at Randi og Røverne + Samlaget konkurrerte som eit lag og Volumgjengen + Aksess-alliansen stilte også saman. Flott samarbeid og lagånd på tvers :-)
Mobile Boys sprang gjennom gatene og viste seg nok ein gang vanskelege å slå. Dei hadde både raskast tid og minst straffepoeng. Eit par av laga rakk ikkje å levere svar innanfor tidsrammene og står dermed utan tid og blir rangert sist, men får sjølvsagt både deltakarpoeng og resultatpoeng.
Oversatt til resultatpoeng og med deltakarpoeng vart resultata i denne konkurransen slik:
Dette var altså siste konkurranse i denne sesongen. Vi kjem tilbake til sammanlagtvinnarar og premiering.
Merk også at det blir planlagt ein slags Telenor Games finale i Bergen laurdag 19. oktober med deltakande lag fra andre lag i TIF. Da trengs det både deltakarar til Bergens-laga som skal representere oss og hjelp til sjølve arrangementet. Noter datoen, så kjem det meir info.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.