Oppsummering og resultat fra den store glassheiskonkurransen i Telenor Games 2018/19

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 15. Jan 2019

Da er den første glassheiskonkurransen i historia gjennomført. Hjertestartaren fekk henge ubrukt i resepsjonen, og alle som stilte på startstreken gjennomførte med god stil sjølv om det nok oppstod både tåkesyn og oksygenmangel når det nærma seg målgang. Og etter kråketeikna på besvarelsane og dømme var pulsen for enkelte godt over grensa for å skyte blink i løpeskytinga i alle fall.
Det gjekk unna i trappene og luftmangelen i 5. etasje var tydeleg.Det var imponerande at alle dei frammøtte laga stilte fulltallig, med unntak av 2-mannslaget fra Team Top-Floor. Ikkje mindre imponerande å sjå innsatsen og fasinerande å studere dei ulike taktiske tilnærmingane. To av laga hadde f.eks. personar i heisen som jobba med oppgavene både mens heisen gjekk oppover og nedover, og valgte dermed å ta dei negative heispoenga. Dei som hadde flest runder i heisen var Volumgjengen som hadde heile 13 runder, men dei hadde gjort eit målretta strategisk valg i forkant, og med unntak av første runden tok dei heisen mellom 1 og 3 etasje, dvs kortare, men fleire etappar. Dei klarte faktisk 112 plusspoeng i heisen med denne strategien, til tross for fleire stopp og start enn dei som tok heisen heilt opp. Dei som klarte fleste plusspoeng i heisen var likevel Mobile boys som klarte 128 (dvs 8 runder). Det var 8 meir enn Aksess-alliansen som var dei som hadde flest heisrunder til toppetasjen. Dei klarte heile 9 runder, men tapte nokre poeng fordi deler av laget gjekk på i lavare etasjar utover i konkurransen.

Men som kjent har heisen også minuspoeng. Volumgjengen tok med 48 minuspoeng og var dermed ikkje heilt i toppskiktet når heispoenga vart summert. Faktisk var dei heilt sist og bidrog dermed til eit sørgeleg antall kompensasjonspoeng for Team Top-Floor. Også Aksess-alliansen falt noko tilbake med sine 36 minuspoeng fra deira stasjonære regnemaskin som var plassert i heisen. Dermed var Mobile Boys klart på toppen når alle heispoeng vart telt opp. Dei hadde kun eit minuspoeng da det var ein som gløymde å gå ut før heisen begynte å gå oppover på den eine runden. Randi og Røverne klarte seg heilt utan minuspoeng og endte dermed på solide 104 poeng ikkje langt bak Mobile Boys. Deretter fulgte heile tre lag som endte på 84 poeng, til tross for ganske ulike strategiar i heisen.

Med 100 mulege poeng på hodeoppgavene var likevel ingenting avgjort etter heisturane. Det viste seg at det skilte heile 63 hodepoeng mellom beste og dårlegaste lag i denne kategorien.
Det er faktisk ikkje så enkelt å svare på kompliserte rekneoppgaver med 200 i puls på ein loddrett plakat i ein trang heis som beveger seg og er utan luft...Antall avgitte svar varierte fra 12 til 50, men det viste seg at dette ikkje betydde alt fordi prosentandel riktige svar (av dei avgitte svara) variert fra 33% og opp til 86%. Det tyder vel på høgt stressnivå blant mange som nok med fordel kunne brukt litt lenger tid pr oppgave. Om vi skal trekke fram nokon som imponerte, er det vanskeleg å kome utanom 2-mannslaget til Top-Floor som svarte på 56% av oppgavene med 86% riktige svar. Den store vinnaren når det gjeld hodepoeng var likevel Volumgjengen som svarte på samtlege oppgaver. Som om ikkje det var nok hadde dei 100% score på 3-poengs-oppgavene. Dei stoppa til tross for dette på 67 poeng totalt etter ein uheldig tolkningsfeil som kosta bortimot 20 poeng i den eine oppgavekategorien. Det var likevel nok til å klatre forbi 4 lag heilt opp til ein 2-plass totalt. Mobile Boys hadde med sin solide heispoeng-score ingen problemer med å holde unna, og endte til slutt på totalt 155 poeng og ein margin på 25 poeng ned til nr 2.

Når vi summerer opp, endte vi dermed opp med desse poenga:


Og tar vi med deltakarpoenga, ender vi opp med denne rekkefølgen og totalscore i den store glassheiskonkurransen i årets Telenor Games:


Og etter to øvelsar i Telenor Games er det ganske så jamnt mellom laga og definitivt stor spenning før dei siste øvelsane.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.