Motivert for Stoltzen 2020? (Oppdatertering: Stoltzen 2020 avlyst!)

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 24. Mai 2020


Eit utval Stoltzen-deltakarar fra Telesport dei siste åra (alle finn du her: http://stoltzen.no/statistikk/index.php?k=Telenor%2FTelesport+Bergen)

(Oppdatering 18.8.2020: Stoltzen 2020 blir avlyst. Les meir i kommentarfeltet under artikkelen)

Arrangementet i Stoltzen siste helga i september har dei siste åra vore blant høgdepunkta og det største fellesarrangementet for Telesport i Bergen. Mange bruker dette som motivasjon til trening gjennom vår, sommar og haust, og prikkar inn toppforma i september. Kva skjer i år? Med Korona-restriksjonar og avlyste arrangement på alle kantar?

Stoltzen er fortsatt planlagt laurdag 26. september, og Telesport Bergen har avtale med arrangøren om reserverte plassar på formiddagen på same måte som tidlegare år. Men på grunn av Korona-situasjonen er det sjølvsagt litt usikkert kva som skjer med arrangementet. Foreløpig er påmelding utsatt. Det har blitt antyda at påmelding kan skje i august, men det er ikkje bestemt og avhengig av retningslinjer fra myndigheiter og idrettsforbund. Sjølv om det er eit stort arrangement, er det relativt få i løypa samtidig. Kanskje aukar det sjansen for arrangement? 

Vi får sjå kva som skjer, men det som i alle fall er sikkert er at vi alle har godt av å kome i gang med treninga! Telesport oppfordrar alle til å holde forma vedlike og forberede seg til Stoltzen som normalt. Vi har vel ingenting å tape på det? Men hugs på alle gode smittevernråd og reglar. Det er ingen grunn til å gå i kø i Stoltzen for å kome i form. Kanskje kan nokre av turmåla i Ti-på-topp vere til inspirasjon? Bratte fjell har vi overalt i Bergen, så dei fleste av oss klarer nok å få opp pulsen i nærmiljøet.

Og skal du i Stoltzen er dette gjeldande råd: Hold avstand - Husk hånd- og hostehygiene - Gå på høyre side - gå på tur når færre folk er ute - Vis hensyn og ikke stress for bestenotering. 

Desse råda gjeld vel uansett kvar du trenar. Lykke til med treninga! Vi kryssar fingrane for ein  fin opplevelse i Stoltzen i slutten av september.


2 Kommentarer