Ti på Topp 2025 snart i mål
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 26. Okt 2025
Heilt sidan mai har omkring 30 medlemmar brukt Ti-på-Topp appen til å registrere fjellturar i Bergen. Mange hundre turar er gått og ganske mange har også besøkt alle eller nesten alle av dei 18 turmåla. No er det berre i knapp veke igjen av årets sesong. På fredag 31.10. er siste frist for å registrere sine turar.

Vermeldingane framover ser ganske bra ut, og haustlufta er ofte den beste. Så benytt gjerne sjansen til ein trimtur eller å oppleve eit nytt turmål også denne veka. Men ver obs på at det blir fort mørkt på kveldane. Ta med ei lykt for sikkerheits skuld.Nokre var også så heldige å vinne hodelykter i vår. Ifm styret sin stand på Kokstad i slutten av april trekte vi tre vinnarar blant deltakarane i Ti-på-Topp Vinter. Gratulerer til vinnarane Knut Inge, Grzegorz, og Anne Elisabeth! Også i gratislotteriet blant alle som besøkte standen lodda vi ut ei lykt, og der var Liz den heldige vinnaren.
Også etter Ti på Topp 2025 blir det premieutdeling - enda ein grunn til å ta dei siste turane denne veka.
Foreløpig er det Beate som ligg på topp på Telesport-lista, men det er ikkje veldig langt ned til neste på lista. Imponerande er det også at 9 stk har vore på alle dei 18 turmåla i årets konkurranse - og totalt nærmare iv
I bedriftskonkurransen ligg vi på 5-plass og må stå på også siste veka for å holde BIR og DNB bak oss

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Telesport Bergen B.I.L
Telenor Games Pokalen 2025 til B-laget
12.11.2025
Kamp mot mørkets krefter i årets Rebusløp
08.11.2025
Sykle til jobben resultater
26.10.2025
Tipp Vekten - Siste øvelse i Telenor Games
21.10.2025